Ronald Hareide held fram som leiar i handballgruppa i Fitjar Idrettslag etter årsmøtet onsdag kveld.

I styret får Ronald Hareide med seg tre nye styremedlemmer, Terje Aleksandersen, Sissel Ervik og Anne Randi Naurstad. Med vidare frå det gamle styret blir Nina Volden, Hilde Stegane, Monika Hellen Strand og Gro Hatlevik. Styret konstituerer seg sjølv.

Heller ikkje i kveld gjekk fitjarbuen mann av huse for å vera med på eit årsmøte. Berre 13 handballfolk møtte opp på det rolege årsmøtet utan dei heilt store og kontroversielle sakene. Styret la fram ein rekneskap som vitna om ryddig økonomi, med overskot i sesongen som gjekk. Men sjølv om økonomien er god, har handballen ein del store faste utgifter, som gjer det nødvendig å fokusera på økonomi og sponsorar også i framtida.

Av årsmeldinga går det fram handballgruppa har bak seg eit år med god sportsleg aktivitet. Det har vore åtte lag påmeldt i serien, av desse berre to gutelag. I tillegg blei det meldt på to minihandballag. Damelaget denne sesongen er eit samarbeidprosjekt med Solid, då det var svært få Fitjar-damer tilgjengeleg for seriespel i år. Dette samarbeidet har blitt ein stor suksess, og damelaget klarer seg svært godt i serien.

Styret ser for seg fleire utfordringar for 2011. På lista står rekruttering av nye medlemmer og å behalda dei noverande, skaffa gode trenarar og oppmenn, og skaffa sponsorar og annan økonomisk støtte.