Konserten med Fitjar Musikklag laurdag kveld, var til å føla seg bra av, slik tittelen lydde.

Sjeldan har ein tittel passe betre enn nettopp denne, «I feel good». Terje Vidar Vestvik i Fitjar Musikklag lova på førehand at dette skulle bli vårens høgdepunkt, og me er langt på veg einige. Høgdepunkta stod i kø under gårsdagens hyllest til popmusikken i 1960-, 70- og 80-åra. Artistane som fekk sin velfortente hyllest i denne konserten, var Blues Brothers, Elton John, Leonhard Cohen. Stevie Wonder, James Brown, John Fogerty og Queen.

Denne gongen hadde Fitjar Musikklag fått med seg musikarane Per Egil Larsen på gitar, Årstein Tislevoll på bass og Ole Christian Ottestad på saxofon. Ikkje overraskande viste det seg svært vellykka. Det er alltid ei oppleving å høyra Ole Christian Ottestad traktera saksofonen sin. Publikum fekk gleda av fullt trøkk heile konserten gjennom. Samklangen mellom bandet og blåserekkene var fin. Musikklaget under leiing av dirigent Torbjørn Røssland verka særs godt førebudd, og spelte med stor sjølvtillit. Ikkje minst sat koreografien godt, og det var eit høgdepunkt å sjå trommeslagarane Håvard Oma Sele, Sverre Fangel Brekke og Terje Vidar Vestvik dansa til Crocodile Rock.

Det var Rai Ti Tai band med Årstein Tislevoll, Per Egil Larsen, Fredrik Horn og Arvid Havro som gav den største stemninga, kanskje spesielt i den første låten «Dream on» av Nazareth. Men Årstein gjorde seg også godt som solist i låtar av  Blues Brothers, John Fogerty og James Brown. Både med songen og den lette og ledige veremåten viste han seg igjen som ein entertainer som er lett å lika. Han mangla heller ikkje humor, «her er så mykje blanke instrument at me måtte pussa skorne våre.» Også Ole André Westerheim imponerte igjen med den flotte songstemma si, spesielt i dei rolege låtane «Candle in the wind» og «Hallelujah», i den siste med god hjelp av Audun A. Mehammer. 

Alt i alt ein konsert til å bli i godt humør av, for eit publikum på vel 200. Det einaste «negative» kjem frå Bjørn Helland, ein entusiastisk publikummar rett bak oss: – Einaste må vera at det varte så kort stund, for det var så pass bra at eg godt kunne høyrt på dei ein time til! Me gler oss allereie til neste konsert med Fitjar Musikklag, og seier som Bjørn: – Ditta lika me, og ditta vil me ha meir av!