17. mai kl 20.00 vert det både revyinnslag og konsert i Kultursalen.

Dei som deltek er Runar Thor Gudmundsson, Terje Træet, Henning Wichmann, Ole Bergesen, Karine Lillenes, Ole Andre Westerheim, Ingvild Moldestad Oma, Audun Mehammer, Marthe Volden Nordfonn og Ingrid Skår Bergesen. I tillegg stiller eit svært profesjonelt firemanns orkester..!!

– Da e berre å gle seg. Endeleg eit kveldstilbod på 17. mai for fitjarfolket, seier Ole Bergesen.

Billettar blir selt i dør frå kl. 18.00 eller kan reserverast på SMS 941 32 310. Vaksne kr. 280,- Born u 16 år kr. 150,- (Plassbillettar i amfi.)