Laurdag 21. november held Revivals igjen konsert i ungdomshuset i Fitjar. Konsertane deira brukar å samle om lag 180-190 stk.

The Revivals frå Fitjar består av Sigurd Andre Maraas på gitar/vokal, Bjarte Maraas på gitar, Rebecca Alsaker på vokal, Bjørn Kristian Heggøy på bass og Ansgar Helland på trommer.

Bandet har John Fogerty og Creedence som den «gylne tråd», men har alt frå Rock»n roll te Country rock på repertoaret sitt. Dei har spelt saman sidan 2001, og har opptredd mange plasser rundt i distriktet sidan det.

-Når The Revivals kjem på scenen så blir det bånn gass med kjende og kjære låtar frå John Fogerty sin karriere, med innslag av kong Elvis, Busserulls og andre gamle heltar. Me lovar å ta ut alt på scena, slik at publikum får ein heidundrandes kveld saman med oss, skriv Sigurd Andre Maraas til fitjarposten.no.

Her finn du Facebook-gruppa The Revivals Fanclub