På temakvelden i Fitjar kyrkje torsdag 30. januar er det duka for konsert med Solveig Leithaug og Garness i Fitjar. Artistar som nok er kjende for dei fleste.

Solveig og Garness har mange gode felles musikalske opplevingar både i Norge og USA, med alt frå CD-innspelingar til konsertar, mellom anna ein TV-overført konsert frå Tirana, Albania, som vart sendt til store delar av Sør-Europa.

På konserten vil Solveig framføre låtar frå si rykande ferske plate som har fått strålande kritikkar her til lands. I tillegg vil ho servere eit knippe av sine klassikarar frå tidlegare album. Ho har med seg tre talentfulle musikarar og ikkje minst Garness.

Dei vil framføra både leiken og utadvendt musikk som får vinterkalde bein til å trampe med, men også inderlege,skjøre melodiar som bankar på «ettertenksomhetens rom» i oss. Gjennom tekstane ønsker Solveig og Garness å formidla kva dei tenker om mange av livet sine utfordringar. Dei gler seg òg til å dela erfaringar som kanskje lyttaren kjenner seg igjen i. Bandet dei har med seg består av Torjus Vierli (piano) Tor Egil Kreken (bass) og Thomas Gallatin (trommer).

Solveig Leithaug vert intervjua av Bård Ose på NRK Hordaland onsdag 29. januar. Intervjuet vil bli sendt under distriktssendinga torsdag 30. januar.