Fitjar Musikklag minner om Siddis-konserten i kveld i lag med Tysnes og Sagvåg musikklag.

Det var òg snakk om å dele ut Kulturprisen denne kvelden. Det vert det ikkje noko av. Men flott musikk skal det bli:

– Fitjar Musikklag har invitert Sagvåg Musikklag med dirigent Jan Magne Olsen, som skal spela i 2. divisjon, og Tysnes Musikklag med dirigent Yngve Nikolaisen, som skal spela i 3. divisjon.

Sjølv skal me i Fitjar Musikkklag med dirigent Torbjørn Røssland spela i 4. divisjon. Det betyr at me får høyra korpsmusikk i kveld som gjenspeiler dei tre respektive divisjonane.

Her vert mykje bra korpsmusikk for ein billeg penge (50,-). Dei som er medlemmer i Fitjar Skulekorps kjem gratis inn.
Me håpar mange nyttar høve til å komma på ein slik stor korpskonsert. Det er sjeldan ein får høyra så mykje bra korpsmusikk på ein gong her i Fitjar, opplyser arrangørane. 

Les meir her.