Ei arbeidsgruppe med interesse for Fitjar si kulturhistorie har ein seriøs visjon om å byggje opp att kongsgarden og den gamle steinkyrkja i Fitjar. No vil dei gjerne ha innspel frå bygdefolket.

Me skriv ikkje 1. april. Hadde vi gjort det hadde me aldri trudd på ei slik sak. Me hadde heilt sikkert ledd ho vekk og sagt.

– Bra spøk, men sjølvsagt ikkje noko som kan realiserast!

Men når me ser kva for folk som står bak denne visjonen og veit dei har arbeidd jamleg med han sidan september, og så ser kva dei alt no har å vise fram, skjønar me at dette er noko langt meir enn ein laus tanke. Dette kan verkeleggjerast – og skjer det, vil det ikkje berre gje eit kjempeløft for Fitjar si lokale historieformidling – det vil vere identitetsbygging på høgt plan og gjere Fitjarbygda endå meir kjend og attraktiv enn det bygda er i dag.

Inspirert av gamalt bilete

I gruppa som har gått i gang med dette på eige initiativ finn me: Eiliv Bjørge (sivilarkitekt mnal), Jorunn Hernes, Bjørn Haaland, Olav Johannes Oma, Harald Johan Sandvik og Johannes Sandvik.

- Annonse -


Det har så langt ikkje vore nokon leiar i gruppa. Alle har møtt på like fot.

På mange måtar er det eit bilete av kunstnaren Johannes Flintoe med kongsgarden og den gamle steinkyrkja, som har vore ei inspirasjonskjelde for dei, og i visjonsdokumentet deira som Fitjarposten har fått tilgang til, tek dei utgangspunkt i den gamle steinkyrkja slik me veit ho såg ut.

Dei har ikkje planar om å byggje gamlekyrkja opp att i stein, men å gjenskape bygget si form og gje det kvalitetar som det elles ville vore vanskeleg å oppnå om ein skulle bygd på gamalt vis. 

Ytre sett vil gamlekyrkja sjå ut akkurat som ho gjorde i sine beste dagar, men bygd på moderne måte vil ho kunne integrerast i det nye, spennande formidlingssenteret gruppa har visjon om. Som illustrasjonane til høgre viser, vil det ikkje berre bli bygningar, men óg eit uteamfi der Håkonarspelet og andre høvelege framsyningar kan finne seg sceneplass

Sivilarkitekt Eilif Bjørge, som har hytte i Kråko, har på dugnad teikna ut det heile med plassering på Tronshaug-eigedomen, like ved Fitjar bedehus. Det er óg meininga at Håkonarbrønnen skal integrerast i opplegget.

Formidlingssenter

– Me ser for oss at Kongsgarden bør innrettast som eit formidlingssenter der ein har ei fast utstilling som fortel Fitjar si historie. Bygningane i formidlingssenteret skal illudere vikinghus på den gamle kongsgarden, og her skal me kunne vise fram funn som er gjort på Fitjar og synleggjere bygda si historie og utvikling. Bygningane kan elles nyttast som selskapslokale eller til konferansar, og visningsrom til bruk av skuleklassar eller andre.

Gruppa legg opp til bruk av moderne visningsteknologi med lyd og bilete, men òg til framsyning av kulturminne som ein kan sjå og ta på.

– Det må vere eit klart mål å få heim fornminne som ligg lagra i arkiva i Bergen. Planlegging og utføring av det må sjølvsagt gjerast av fagfolk på området, heiter det i visjonsdokumentet,

Ikkje vikingsenter


– Me går ikkje for eit nytt vikingsenter. Men det er viktig at kongsgarden får sin plass i fitjarsamfunnet si historie frå vikingtida. Det var i brytningstida mellom heidendom og kristendom at Fitjar hadde si viktigaste rolle. Steinkyrkja vert såleis eit viktig symbol for den tidsbolken og for resultatet av den prosessen Håkon den gode starta.

Gruppa vil likevel ikkje leggje opp til at bygget vert vigsla. På den måten vil dei stå friare både i høve til organisering og bruk. 

– Mellom anna kan steinkyrkja då i tillegg til spesielle gudstenester, nyttast til intimkonsertar, samlingar for mindre grupper, bryllup, foredrag, rekreasjonssamlingar osb. Ein bør vidare vurdere om ein bør vise litt av Fitjar si naturhistorie (geologi, botanikk og zoologi) i formidlingssenteret, heiter det.

Mange utfordringar

Gruppa er klar over at utfordringane står i kø i det vidare arbeidet, både med omsyn til økonomi, kommuneplan og reguleringsplan. Økonomisk snakkar ein om mange millionar som må reisast, og det heile er så vidt og stort at det bør ha eit tungt innslag av lokal dugnad i brei forstand.

– Sjølvsagt bør ein prøve å få offentlege midlar til prosjektet, men me trur det er klokt å begynne med å teste ut om den lokale interessa er sterk nok. 

Så bør ein absolutt tenkje fullfinansiering av prosjektet (eventuelt byggjesteg) før ein set i gong, og anlegget bør overleverast gjeldfritt til dei som skal bruke og drive det. Ein kan sjå mange eksempel på prosjekt med tung lånefinansiering som får altfor krevjande driftsutfordringar. Dette bør ein unngå, meiner gruppa.

Må vere samlande

Dei understrekar sterkt at det er avgjerande at ein heile tida har i mente at eit prosjekt som dette må verte samlande for bygdefolket. I opplegget vidare må det vere slik at «alle som ynskjer det, kan bidra til eit vellukka resultat; med arbeidstimar, med fagkunnskap av ulike slag både i praktiske og teoretiske fag, med leveransar som trengs – og sjølvsagt med pengebidrag for dei som ynskjer det. – Det er summen frå alle slike kjelder som vert mål på den lokale dugnadsinnsatsen. Me treng ikkje å byrja prosessen med økonomiske løyvingar og pengeinnsamlingar. Spør heller om her er ressurspersonar som vil vere med å bidra på dugnadsbasis, seier dei.

Og spørsmålet frå gruppa til bygdefolket er:

– Bør ein gå vidare no og setja i gong eit forprosjekt som kan gje grunnlag for ein første kostnadskalkyle?


Gruppa ønskjer elles innspel på heile «Visjon Kongsgarden på Fitjar.»

Heile visjonsdokumentet finn du her.