Som me tidlegare har nemnd skulle skje, fekk Karl Gloppen utdelt Kongen sin fortenstmedalje i sølv under den tradisjonelle 17. mai-feiringa i parken i går.

Det var ordførar Agnar Aarskog som festa medaljen på jakkeslaget til ein rørt medaljevinnar, og i talen i samband med dette, peika ordføraren på at Karl Gloppen gjennom heile sitt liv har hatt eit utruleg engasjement innanfor kultur og friluftslivet i bygda. Det samme engasjementet synte han òg som lærar i Fitjar kommune i nærare 40 år.

Under utdelinga vart Gloppen òg hylla av sine medsongarar i Osternes Mannskor. Seinare var det høgtidsam, kommunal lunsj i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg.