Karl Gloppen er tildelt kongesølv for sitt utrulege engasjement på mange område.

Det var i ettermiddag at ordførar Agnar Aarskog, saman med Nils Ingmar Hageberg og Karvel Strømme, som er mellom dei som har jobba for dette, troppa opp heime hos Gloppen for å bringe vidare gladmeldinga.

Karl Gloppen sjølv fortel til Fitjarposten.no at han med det same berre registrerte det som vart sagt, kunne ikkje heilt tru at han hadde gjort noko som skulle gjere han fortent til ein så stor heider. Men etter at han har fått summa seg noko, gjev han uttrykk for at han er både takksam og glad for utmerkinga som han karakteriserer som flott og storveges.

Fortenstmedaljen vert delt ut under det tradisjonelle arrangementet i Håkonarparken 17. mai, med eit festleg samkome på hotellet etterpå, for spesielt inviterte.

- Annonse -