-Dette blir for mykje. Eg kan ikkje ta imot alt, sa ein rørt, og framleis litt sjokka, Gudmund Gloppen, like etter at han hadde fått utdelt kongesølv, og heidrande ord, av ordførar Harald Rydland.

Det heile skjedde under ein programpost som var kalla «Intermesso» under jubileumskonserten til Osternes Mannskor i går kveld. Gudmund sjølv og kona Martha visste ikkje nokon ting om kva som skulle skje då han vart kalla fram til talarstolen av ordførar, Harald Rydland.

Når sjokket hadde lagt seg, var han tydeleg på at dette var noko han sette umåteleg stor pris på. -Dette var bra!!, sa me. -Nei, det er mykje meir enn det, svarte Gudmund.

Gudmund Gloppen har tidlegare fortalt til Fitjarposten at han starta då koret starta i 1934.

-Då var eg i konfirmasjonsalderen, og sidan har eg vore med stort sette heile tida. Berre når eg i korte periodar var borte frå Stord-øya på jobb, kunne eg ikkje ta del i korøvingane, sa han.

På spørsmål om kvfor han har vore med i koret så lenge, svarte han at han heile tida ville gjera sitt til at det framleis skulle vera eit mannskor i Fitjarbygda.

-Og sjølvsagt likar eg forferdeleg godt å syngja, og så har me det svært fint sosialt, la han til.

 

Gudmund visste ikkje noko om at både barn og barnebarn var inviterte til konserten. Heller ikkje noko om innslaget til barnebarnet, Siri Gloppen Gjersdal, som framførte den vakre Gabriela`s song til ære for bestefaren sin. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

 

Saka er også på nrk.