John Helge Bukkøy fekk det han trur kanskje kan vera ein kongekrabbe i garnet han trakk i Fitjarøyane i dag.

Bukkøy har fiska mykje, men aldri fått  kongekrabbe før. 

– Eg har aldri sett noko slikt før, så det var jo spennande. Først var me heilt sikre på at det var ein kongekrabbe. Eg har fått trollkrabbar tidlegare, men dei har vore svært annleis og mindre enn denne. Denne hadde eit skjell som var 12 cm breitt, og heile krabben er rundt 50 cm brei. Vel heima har eg googla litt, og er ikkje lenger heilt sikker på om det er ein kongekrabbe eller ein sort trollkrabbe. Kanskje har nokon andre fått noko liknande og kan svara på kva det er, undrar hobbyfiskaren.

John Helge trudde, til liks med mange andre, at ikkje kongekrabben hadde kome så langt sør som til Fitjar. Men han har høyrt rykte om at dei kanskje har fått nokon på Bømlo. For nokre år sidan dukka det opp ein kongekrabbe i eit garn på Sotra. Den gongen gjekk Havforskingsintisuttet ut frå at krabben var sett ut, og difor ikkje var komen så langt sør enno. 

Trollkrabben er vanleg langs vestlandskysten, men det er ikkje kongekrabben. No undrar John Helge på om det er ein kongekrabbe han fekk i garnet i dag og om den difor fakstisk har kome så langt sør som til Fitjarøyane? 

Har du meiningar, erfaringar eller kunnskap om dette, så ta gjerne kontakt med Fitjarposten.