Ole André Westerheim fekk publikum med seg. Foto: Arne Vestbøstad

Det var stinn brakke då Ole André Westerheim med band og koristar song seg gjennom delar av den legendariske musikkatalogen til Queen.

Det opna litt famlande med One Vision, og det forsette litt usikkert med It’s a Kind of Magic. Her var ikkje magien heilt på plass, og det såg nesten litt ut som at det hadde medlt seg ein liten tvil hjå Westerheim; Er dette godt nok? Det må nemnast at oppskrifta på søvnlause netter og vedvarande høg puls må vera å framføra Queen-musikken. Det er ikkje berre det at songane er kjende over heile verda. Like mykje som det er bandet Queen, er det vokalisten Freddie Mercury. Eg har ikkje sett han sjølv. Eg har berre sett opptak med han. Men eg har sett opptak der folk som har opplevd han på konsert fortel. Og dei fortel om ein vokalist som berre med å stå på ein scene, og nesten før han opna munnen, har kontroll på eit heilt stadion, tettpakka med konsertgjengarar. Denne arrogansen og karismaen var ikkje heilt til stades hjå Westerheim.

 

Det er vanskeleg å koma seg ut av skuggen til Freddie Merkury når ein framfører songane til Queen. Foto: Arne Vesbøstad

 

Men gløym no Mercuryen. Spol litt lenger ut i konserten. Etter nokre nummer til, tok allsongen seg opp når I Want it All blei framført. Frå det punktet og ut var det eit crescendo som berre blei avbrote av Who Wants to Live Forever, ein song som tok eg meiner var eit litt for stort brot i konserten, kanskje fordi den blei ståande åleine som eit rolegare nummer. Vel, dynamikken i det heile får andre analysera. Konserten enda i alle fall opp, etter ein god time og 15 songar, med ståande applaus og taktfaste rop på «Ole!» og ekstranummer.

Når ein skal framføra Quen-songar blir det fort gull eller granbar. Ole Bergesen, som saman med Ole André har stått i spissen for dette prosjektet, gjekk inn med hud og hår, for å laga ein skikkeleg konsert, som var både Queen og Ole André Westerheim verdig. Då må det vera skikkelege rammer. Og det kostar. At det då kom omlag 260 personar for å få med seg denne hendinga, må ein vera godt nøgd. Etter konserten var mange som smilte frå øyre til øyre og roste Ole André.

– Eg visste at han var god, men han var betre enn eg trudde, blei det sagt. Også andre roste konserten, ikkje berre som initiativ, men også kvaliteten på gjennomføringa. Då kan ein ikkje anna enn å seia at dette var gull. Det blei annonsert som årets show i Fitjar. Om tydinga av ordet «årets» er at konserten er den største eller einaste, får me håpa at det er den førstnemnde, for dette kan me tåla meir av.

 

Sondre Aarland Nesbø, Lars Fitjar Waage, Jan Kristian Mehammer, Christer Korneliussen, Jeanett Huseth og Daniel Soltvedt hadde brukt vorspielet til å lytta seg opp på Queen. – Håpar We are the Chapions og Bohemian Rhapsody kjem, sa dei. Dei blei ikkje skuffa. Foto: Arne Vestbøstad

 

Fitjarposten møtte ein ein letta og rørt Ole André etter konserten. Mellom alle klemmar og rosande ord, fekk han fram at han hadde vore spent.

– Eg har vore redd for om stemma skulle halda. Det var så mange som skulle koma, og hadde betalt for å sjå meg åleine, for første gong. Då er det godt å føle at eg leverer. Det var veldig gøy, men no er eg heilt tom.

 

 

I salen sat stolte familiemeldlemmer, mellom andre kona Cathrine. Foto: Arne Vestbøstad
Vel blåst! Klem frå mor Doris. Foto: Arne Vestbøstad