Nærmare eitt hundre Håkonar-spelarar møtte fram i Moahagen måndag kveld då Paul Ottar Haga heldt stemnelag med deltakarane i årets spel.

Regissør og konge i årets Håkonarspel kom til Fitjar måndag kveld for å førebu årets Håkonarspel. Han gjekk gjennom teksten med dei frammøtte deltakarane, og greidde ut om korleis han ser spelet for seg. Det blir ein del endringar; bl.a. er teksten krota litt ned og «strama opp» for å gjera handlinga meir spanande og lettare å forstå. Han var nøgd med åstaden; etter mykje dugnad i sommar byrjar Moahagen å sjå ut som ein gammal gard frå vikingtida.

Rundt hundre aktørar har travle og spanande kveldar framfor seg dei neste to vekene. Vonleg klarer dei å formidla spaninga til eit talrikt publikum i slutten på neste veke, når det ber til slag i Moahagen.