Fredag 6. juni inviterte kyrkjelydsprest Nobukazu Imazu og kyrkjelydspedagog Birgitte Drønen Brenne alle konfirmantane og konfirmantgruppe leiarane til avslutningssamling på Smedholmen.

Nokre foreldre var med som hjelparar. Nokon padla ut, nokon tok eigen båt og resten vart skyssa ut av foreldre.

Ramma kunne ikkje vore betre for ein slik kveld. Først hadde me ei minigudsteneste. Birgitte minna om versa i Fil. 4,6-7 som ho leste frå 3 biblar frå ulike tidsepoker og med ulik språklig drakt. På den måten fekk ho minna om at bodskapen om at me kan gå til Jesus med alle ting er aktuell til alle tider og på alle språk.

Når gudstenesta var over, venta varme grilla som nokre foreldre hadde gjort klare. Mange koste seg på svaberga i sola, mens andre fant fram badekleda og koste seg i vatnet. Etter ei stund var det mulig å prøve kajakk for dei som ville det. Her var også foreldre engasjerte med instruksjon og følge på sjøen. Det var kjekt å sjå korleis enkelte utvikla seg frå «bambi» til å bli trygge i kajakken. Kl 20.30 dukka myggen opp som ubedne gjester og då var det egentlig greit å pakke sammen og padle/kjøre båt heim igjen.

Dette var avslutninga på ei flott konfirmanttid der ungdomane har fått med seg mykje undervisning og opplevingar. Det som dei fleste likevel trekkjer fram som noko av det kjekkaste med konfirmantida var den tida dei hadde i heimegruppene. Me foreldre vil rette ei stor takk til Nobu for den jobben han har gjort og også takke alle dei heimane som har vore der for ungdomane våre.

Til hausten kan ungdomane delta på eit opplegg som er kalla Loved. Dei fekk litt informasjon på Smedholmen, men meir kan ein få ved å ta kontakt med Birgitte på kyrkjekontoret.