Det største konfirmantkullet på mange år.

Ein av dei unge som vart konfirmert i dag, Anders Halleråker Strand, fortalde til fitjarposten.no om ei kjekk førbuingstid med mange timar i kyrkja og masse lærdom, slik han uttrykte det. Anders nemnde og kjekke turar der ein blant anna kunne velje Bø, Voss eller Etne. Konfirmanten var spent rett før gudstenesta, truleg typisk for dei fleste. Men etterpå var det glede over selskap heime.

51 jenter og gutar vart konfirmerte i går og i dag, fordelt på fire gudstenester og dermed plass til svært mange av konfirmantane sine gjester. Det var høgtidssamt då dei kappekledde ungdomane gjekk i prosesjon inn i kyrkja medan kyrkjelyden song Dine hender er fulle av blomster. Prestane Olav Oma og Nobu Imazu leia gudstenestene.

Samtalegudstenesta vart halden onsdag kl 18.00 med fest på bedehuset etterpå. Fotograf Per Egil Larsen hadde fått oppgåva med å fotografere dei flotte ungdommane i sine nye stasklede, bunad eller dress. Dette biletet vart vist på storskjerm i gudstenestene.