Nils Vestbøstad har skrive lesarbrev der han mellom anna minnest sin eigen konfirmasjon. Lesarbrevet kan du lese nedanfor.

Konfirmasjon

Etter å ha vore med og konfirmert eit barnebarn sist laurdag, og skal i ny konfirmasjon 10. mai, vekker det til live minne frå min eigen konfirmasjon, som var 5. oktober 1947.

I ei fullsett Fitjar kyrkje fekk eg spørsmåla: ”Trur du på Faderen, Sonen og den Heilage Ande? Vil du ved Guds nåde stå i dåpspakta di til di siste stund?” Eg svara ja. Presten: “Så gjev meg handa på det”.

På grunn av sjukdom gjekk eg glipp av 3. klasse pensum. Med massiv dysleksi, vart eg sett innatt i klassen eg hadde vore borte frå eit år. Ikkje 5 minutt spesialundervisning. Og når dei som eg hadde gått saman med, vart konfirmert året før, var det med på å forsterka mi mindreverdskjensle. Janteloven stod sterkt.

I minnet har eg konfirmasjonsdagen som kanskje den tyngste dagen i mitt liv, eg gjekk for meg sjølv og gret. Selskapet var ikkje stort: To bestemødre, ein onkel og onkel og tante til far min. Det økonomiske utbytte i pengar trur eg streka 500 kr.

Eg hadde ikkje oppdaga at Han som tok til med ei god gjerning i meg, stod med opne armar og sa: Kom til meg alle de som slit og har tungt å bera, eg vil gje deg kvile. Eg slepper deg ikkje og forlet deg ikkje. Etter 66 og eit halvt år kan eg sei: Han har våre trufast, han som gav lovnaden.

Etter dåp og konfirmasjon, er det trinn 3 som blir det avgjerande, når alle me som har vore samla til gudstenester og feiring blir kalt inn på teppet, saman med alle dei andre som det står skrive om, og bøker vert opna. Då er det mitt ynskje at ingen må vera i den gruppa som seier: ”Lukk opp for oss! Me har ete og drukke for ditt åsyn, og du lærte på gatene våre!”

Han som sit på truna svarar: ”Gå bort frå meg alle de som gjorde urett”. I dag er det enno nådens tid. I dag er Gud å finna! I dag om du høyrer Guds sons røyst, så forherd ikkje hjarta ditt!

Hjarteleg til lukka!

Nils Vestbøstad, 5419 FITJAR