Konfirmantane gjorde sitt til at samtalegudstenesta i Fitjar kyrkje vart ei fin stund. Det vart i det heile konfirmantane sin kveld på samtalegudstenesta i Fitjar kyrkje onsdag kveld. Nokre tok del i dei gudsteneste handlingane medan andre vart spurd av kyrkjelydsprest Martin Kolstad om det de hadde hatt føre seg i konfirmanttida. Godt svarte dei, og godt kom dei i frå det alle. På søndag er det konfirmasjonsgudsteneste kl. 10.00 og 12.00.