Konfirmantane si bøsseinnsamling til Kirkens Nødhjelp vert i år tysdag 12. april klokka 17.00 til 19.00.

Kirkens Nødhjelp-aksjonen er ein årleg aksjon, og i år vert det fokusert på rettferd. Det er ikkje rettferdig at over ein milliard menneske framleis lever i ekstrem fattigdom. Tanzania er fokusland i år. Trass i økonomisk vekst er det framleis ein lang veg å gå for å nedkjempe fattigdommen i Tanzania.

Ta vel imot konfirmantane når dei kjem på døra di tysdag 12. april!