Laurdag var konfirmantane på utflukt til Sørlivatnet. Sipande regnver stoppa dei ikkje.

Eigentleg hadde dei tenkt seg  til Melen for å få med seg den fine utsikta. Men slik veret vart, var det greitt nok å stoppe ved Sørlivatnet.

Det dårlege veret la heldigvis ingen dempar på turen, og me koste oss, både konfirmantar og leiarar, fortel kyrkjelydsprest Nobu til Fitjarposten.

Fire leiarar og 29 konfirmantar var med på turen som starta frå Dalshaugene klokka 11.00. Rundt kl.14.30 var dei tilbake igjen.  .