Fredag drar Gisle Aarbø og Jonas Koløen til Vikedal for å konkurrera mot kvarandre og andre vestlendingar i bilcross for juniorar.

Når den 3. VM-runden går av stabelen i Vikedal, er begge på startstreken med eitt mål for auga som er viktigare enn noko anna: Å slå kameraten! Nestor i Fitjar Racing Team, Ole Vidar Helland, minner om at det er like viktig å slå flest mogeleg av dei andre deltakarane…

Vikedal er heimebanen til Fitjar Racing Team, og både Gisle og Jonas håper å revansjera seg frå førre VM-runde. Begge har jobba med bilane for å optimalisera effekten; det gjeld å få maks fraction. Jonas har skifta støtdemparar framme og reknar med at bilen skal henga betre ut av svingane no. Gisle har gjort eit par andre nødvendige reparasjonar, blant anna skifta bremsar framme og eksosanlegg.

Begge er litt usikre på korleis dei ligg an i forhold til resten av feltet, men på søndag får me svaret. Då er 2-dagars NSR-løpet i Vikedal ferdig, og fitjarposten.no vil prøva å vera så tidleg som råd med resultata.