I samband med møtet onsdag 2. oktober var kommunestyret invitert til omvising på museet.

Kommunen har samarbeidsavtale med Sunnhordland Museum om drift og vedlikehald av Årskog Museum. I dag møtte kommunestyret 5 av dei tilsette på Sunnhordland Museum: Dagleg leiar Rune Eide, formidlingsleiar Johanne Øvstebø Tvedten, driftsansvarleg Tor Kaldråstøyl, handverkar Magne Gravdal og bygningsvernkonsulent Bjørn Arve Lunde.

Dei fortalde at dei nettopp hadde skifta kledning på vestsida av det gamle våningshuset, og hadde planar for løa. Vestveggen må reparerast, og taket over mottinga må takast ned snarast mogeleg. I tillegg er golvet i stabburet svært dårleg, og naustet treng tak-reparasjon.Løa er i bruk til teaterforestillingar og undervisning, og gir ei autentisk og særprega ramme til arrangementa.

Dei tidlegare eigarane Døscher Olai og Lars Årskog etterlet seg eit meir enn vanleg komplett bruk då dei overdrog garden til kommunen. Eigedomen hadde då vore i same familien i over 300 år. Det er svært sjeldan ein finn så mykje gjenstandar, utstyr og klær på ein stad, og ein finn ikkje så komplett tekstilsamling nokon andre stader på Vestlandet.

Våningshuset var ikkje endra dei siste generasjonane, og det syner korleis eit gardshus var innreia og utstyrt for nokre generasjonar sidan.

Årskog Museum er eit uvurderleg kulturminne i bygda, og må vidareførast i god stand for at dei komande generasjonane får sjå korleis forfedrene budde og arbeidde.