Kommunereforma var oppe til debatt i møtet 27. mai, og heldt fram i møtet onsdag. Bilete: Agnar Aarskog på talarstolen.  Foto: Harald Johan Sandvik.

Som grunnlag for debatten låg rapport frå Samarbeidsrådet: «Ny kommunereform i Sunnhordland» – og administrasjonen sine eigne vurderingar av om Fitjar kan halda fram som eigen kommune i framtida. 

Kommunane må no gjera vedtak om dei vil gå vidare i samtalar om reforma. Endelege vedtak i kommunane må vera tekne innan mars 2016.

Samarbeidsrådet meiner det bør gjerast eit intensjonsvedtak om samanslåing. Rådmann Atle Tornes meiner det sentrale spørsmålet er kva kommunane eigentleg kan verta samde om som grunnlag for ein ny kommune. I dag ligg det ikkje føre nok informasjon til å gå vidare til ein intensjonsavtale. Stord har nyleg invitert til å delta i fokusgrupper for ulike tema for å kunna konkretisera meir. Her vil Fitjar delta.

I sist møte vart det gjort vedtak om å gå inn i konkrete samtalar med Bømlo, Stord, Austevoll og Tysnes. Når slike samtalar er gjennomført, kan ein sjå kva vilkår ein kan oppnå i ein ny kommune. Først då kan ein konkludera – og samanlikna med kva ein kan greia dersom ein held fram åleine. 

I debatten synte Agnar Aarskog, Ap, til debatten i mai-møtet. Då var han ikkje nøgd, og han var sterkt kritisk til samanslåing. Framlegg til vedtak i dag var mykje betre. Me skal greia ut samarbeidsmodellar, men det er viktig å ha god utgreiing av 0-alternativet = ingen grense-endring. 

Harald Rydland, KrF, var glad for vedtaket i mai. Det gav retning for prosessen, og fleire nabokommunar har gjort liknande vedtak. Komande nabosamtalar er viktige. No veit me ikkje kva innbyggjarane seier. Det må me finna ut.

Grete Marit Veka Maraas, Sp, var glad for framlegg til vedtak, men ynskte å få med eit ekstra punkt:  – Desentraliserte helse- og omsorgstenester.

Arne Prestbø, H, støtta Maraas sitt tilleggspunkt. No er det avgjerande at 0-alternativet er sikra i den vidare prosessen. Han synte til folkemøtet i Kultursalen, der leiaren i kommunalkomiteen på Stortinget tala varmt om at dette var ein frivillig prosess. No les me at fylkesmannen er pålagd å teikna nye kommunekart neste år. Det er tvang! Suksessen for reforma burde vera at den var frivillig.

Ordføraren minna om framdrifta i saka. Drøftingar mellom kommunane må vera avslutta før årsskiftet.

Framlegg til vedtak, med tillegget frå Grete Marit Veka Maraas, vart samrøystes vedteke, og lyder slik:

1. Fitjar kommunestyre tek forprosjekt – ny kommunereform i Sunnhordland til orientering.

2.  0-alternativet må utgreiast vidare med fordeler og ulemper ved å halde fram som eigen kommune.

3. Fitjar kommunestyre vil gå vidare i drøftingar om ei eventuell kommunesamanslåing med kommunane Austevoll, Bømlo, Stord og Tysnes. Det er ein målsetnad at drøftingane skal vera ferdige før årsskiftet.

4. Fitjar kommunestyre vedtek å delta i fokusgrupper. Ordføraren får fullmakt til å etablera fokusgrupper i samarbeid med aktuelle nabokommunar.

5. Fitjar kommunestyre vil gå vidare i drøftingar om ei eventuell kommunesamanslåing med kommunane Austevoll, Bømlo, Stord og Tysnes. Det er ein målsetnad at drøftingane skal vera ferdige før årsskiftet.

6. Ein avtale skal liggja til grunn for ei eventuell kommunesamanslåing. Avtalen skal sikra innbyggjarane i Fitjar sine interesser på best mogleg måte. Viktige perspektiv vil vera:

 Gode offentlege tenester til innbyggjarane i Fitjar

 Eit desentralisert skuletilbod

   Eit desentralisert helse- og omsorgstenesste

 Gode vilkår for vekst og utvikling

 Gode vilkår for kulturlivet og lagslivet

 Lokal påverknad i Fitjar

 Offentleg servicekontor og nærleik til sakshandsamar (kontordagar i Fitjar og

videokommunikasjon)

 Offentlege arbeidsplassar og aktivitet i rådhuset i Fitjar

 Arbeida for at det i framtida vil vera Nav-kontor, bank og «Post i butikk» i Fitjar.

Ein berre sentraliserer det ein må, og desentraliserer det ein kan.

7. Følgjande skal representera Fitjar kommune i drøftingane: ordførar, varaordførar, gruppeleiar for største parti i opposisjon og rådmannen.

8. Representantane skal rapportera jamleg til formannskapet, som i saka skal vera utvida med gruppeleiarar for parti som ikkje er representert i formannskapet og representant for arbeidstakarorganisasjonane. Representantane kan søkja råd frå utvida formannskap når dei ønskjer det i løpet av drøftingane.

9. Utvida formannskap kan supplera drøftingsrepresentantar dersom det er trong for det.

10. Dersom kommunar takkar nei til drøftingar eller drøftingane ikkje førar fram med einskildkommunar, skal representantane drøfta vidare med dei andre kommunane.

11. Utvida formannskap har ansvar for informasjon til innbyggjarane i prosessen.

12. Når drøftingane eventuelt er sluttført skal utkast til avtale leggjast fram for kommunestyret. Innbyggjarane skal høyrast om ein eventuell avtale.

13. Kommunestyret skal haldast løpande orientert og tek sikte på å ta endeleg stilling til saka i løpet av våren 2016.