Kommunestyret hadde i går oppe saka om kommunereform i Sunnhordland: Val av ein person til prosjektgruppe og val av referansegruppe.

Kommunane i Sunnhordland er gått saman i eit prosjekt for å få utarbeidd eit faktabasert grunnlag som skal gjera kommunane i stand til å vedta framtidig kommunestruktur i Sunnhordland.

Organisasjonen er slik:
Styringsgruppe: Samarbeidsrådet

Prosjektgruppe: 1 representant frå kvar kommune Prosjektleiar: Odd Henry Dahle, tidligare rådmann i Haugesund. 

Referansegruppe: Ei gruppe for kvar kommune

Prosjektgruppa tar til med arbeidet sitt i september/oktober. Rapport skal vera ferdig utarbeidd til september 2015. Kommunane skal velja ei referansegruppe og skal peika ut ein person som skal sitja i prosjektgruppa.

Ordførarane bør sitja i prosjektgruppa i saman med den personen som er vald frå kommunen. I fleire av kommunane er formannskapet vald som referansegruppe. Det er viktig med eit breitt politisk engasjement i denne saka og derfor bør også Frp vera representert i gruppa.

Samrøystes vedtak:
Formannskapet pluss Sigurd Andre Maraas (Frp) blir vald som referansegruppe.
Til prosjektgruppa blir Harald Rydland (Krf) vald som representant frå kommunen i tillegg til ordføraren.

I debatten takka Harald Rydland, KrF, for tilliten. Han er engasjert i saka og vil ikkje streka her, men vera med på heile prosessen. Me må ha mest mogeleg av det gode med oss inn i ein større kommune! Arne Prestbø, H, la til at det er spanande tider framfor oss! Me må ta til oss all kunnskap og spreia det bodskapet som ligg der. Tenk folkemøte med Lars Sponheim neste år!

Sigurd Andre Maraas, Frp, poengterte at ordet kommunesamanslåing er negativt! ”Stifting av ny storkommune” må vera det uttrykket me brukar!

Ingressbilete: Sigurd Andre Maraas går inn for uttrykket “ Stifting av ny storkommune!” Foto: Harald Johan Sandvik