Kommunestyret hadde budsjettmøte i dag.

Ei av sakene det knytte seg stor interesse til, var deling av noverande 2. klasse på Rimbareid skule.

Klassen er stor, og det kjem fleire til, slik at det til hausten vil verta 30 elevar. Deling av klassen var ikkje lagt inn som tiltak i budsjettet i utgangspunktet, men i dag låg det føre to framlegg til deling av klassen: Ap/H sitt framlegg på kr. 100.000 til tiltaket fekk fleirtal, medan KrF/Sp/Frp la inn kr. 265.000 i sitt framlegg som dei meinte var fullfinansiering av klassedeling. Ei full klassedeling treng 26 t/veke. Kr. 100.000 finansierer 10 t/veke, og skulen må då finna ressursar i eige budsjett tilsvarande 16 t/veke dersom det skal gjerast full klassedeling.

Ap/H sitt komplette budsjettframlegg fekk ved endeleg røysting 10 røyster, medan felles framlegg frå KrF/Sp/Frp fekk 7 røyster. Lars Ove Rimmereid (Sp) tala varmt for fellesframlegget han var ein del av, og hevda det var så godt at han kunne tenkja seg å røysta for det!

Kommunestyret brukte i underkant av to timar på handsaminga av budsjettet, og ordførar, utvalsleiarane og gruppeleiarane hadde både tilbakeblikk, situasjonsrapportar og positive framtidsvyer i sine innlegg.

Konkrete store framtidige saker er ny veg frå Svartasmoget til Dåfjorden kombinert med bustadbygging langs traseen, nytt helsesenter som påbygg til kulturhuset, og den komande prosessen rundt ny kommunestruktur

Representantane gav honnør til administrasjonen og avdelingane for godt arbeid og god økonomistyring.