Kunstgraset er opna for aktivitet igjen Foto: Kjetil Rydland.

Kriseleiinga i Fitjar har avgjort at dei kommunale idrettsanlegga kan opnast for bruk, skriv ordførar Harald Rydland i ei pressemelding. 

Dette gjeld kunstgrasbanen, ballbingane og løpebanen i idrettsparken. Ordføraren understrekar at Fotballforbundet sine koronavettreglar, som byggjer på Helsedirektoratet sine nasjonale retningslinjer, skal følgjast. Han legg til at reglane også gjeld for friidrett.

Sidan det i Fitjar er registrert mange smittetilfelle i forhold til folketalet, har kriseleiinga avgjort at det skal vera ein vaksen (over 18) til stades på aktivitetane. Det skal ikkje vera meir enn 5 personar totalt i kvar gruppe, og desse skal heile tida halda ein avstand på minst 2 meter. 

På kunstgrasbanen vert det opna for at fire grupper, med fem deltakarar på kvar, kan vera på banen samtidig.  I ballbingane skal det berre vera ei gruppe om gongen.

Kriseleiinga ber om at dei nasjonale retningslinjene vert respekterte. Dersom det kjem meldingar om at dei ikkje vert følgde, vil det bli vurdert å stenga anlegga att.

Koronavettregland kan du lesa på heimesidene til Norges Fotballforbund.

Leiar i Fitjar Idrettslag, Gisle Levåg, tar imot dagens opningsmelding med stor glede, og vil etter kvart sørgja for informasjon på Facebook-sida til Fitjar Idrettslag.