.

 

Om lag 200 personar møtte opp til møtet Fitjar kommune arrangerte for å orientera om arbeidet med den kommande kommunereforma.

 

 

I annonseringa på førehand stod det at dette var det viktigaste folkemøtet dette tiåret, og det var det tydelegvis mange som meinte. Odd Henry Dahle, leiar for arbeidet med kommunereforma i Sunnhordland, og Helge Andre Njåstad, frå kommunalkomiteen, let seg imponera over oppmøtet, eit oppmøte som var høgare enn i dei andre kommunane i regionen. Det er kanskje eit uttrykk for at debatten om kommunegrenser er djupt forankra i fitjarbuen.

Fitjarordførar Wenche Tislevoll var i opningsinnlegget sitt oppteken av at kommunen har store utfordringar knytta til å løysa dei oppgåvene kommunen er pålagde, med ein økonomi som stadig endrar seg. Primære oppgåver som skule og eldreomsorg peika ho på som gode. Verre stilt var det med spesialiserte oppgåver. Ho gjekk så langt som å seia at utan samarbeid med andre kommunar hadde ein ikkje klart i driva Fitjar. Kommunen har utfordringar med rekruttering innfor tekniske fag og leiarstillingar. Eit døme ho trekte fram var oppmåling, der kommunen no kjøper tenester frå Austevoll, etter at den som hadde stillinga slutta.

 

Ordførar Wenche Tislevoll (H) understreka fleire gonger at det ikkje er eit alternativ å ikkje engasjera seg iprosessen rundt kommunereforma. Foto: Arne Vestbøstad

 

Tislevoll understreka at det var viktig å ikkje risikera å stå på utsida i den kunnskapsinnhentinga som skjer no, slik at ein kan sikra innbyggjarane i Fitjar gode tenester i tida som kjem.

 

Ein ny kommunekvardag

Helge André Njåstad, leiar i kommunalkomiteen på Stortinget, snakka i si opning om bakgrunnen for reforma. Han peika på at kommunegrensene i dag mange stader er lite tenlege. Mange kommunar slit også med å få tak i den kompetansen dei treng og med det følgjer kapasitetsproblem, samt at lokaldemokratiet er under press, med at mange oppgåver blir løyst gjennom interkommunale selskap. Desse kan det vera vanskeleg å ha oversikta over. Han nemnte at nokon hadde kviskra han i øyra at Fitjar har eit trettitals slik oppgåver dei løyser i samarbeid med andre.

 

 

Helge André Njåstad vise augen i kommunale oppgåver frå 1965 til i dag; Ein auke som stiller store krav til kapasiteten til kommunane. Foto: Arne Vestbøstad

 

For Njåstad var det viktig å få fram at ei reformering av kommunane skal sikra gode og likeverdige tenester for innbyggjarane. Andre viktig mål er ei heilskapleg og samordna samfunnsutvikling, berekraftige og økonomisk robuste kommunar, samt å styrkja lokaldemokratiet.

Njåstad var tydeleg på at reforma sannsynlegvis vil få konsekvensar for dei fleste kommunane. Kommunar kan velja å lukka augo for det som skjer, eller ta tak i utfordringa, og prøva å gjera det beste ut av ho; utøva godt lokalt leiarskap, som han uttrykte det. Det skal svært gode argument til få å stå åleine som liten kommune etter at reforma er gjennomført, meinte han.

 

Vil ha lokalt skjønn

Odd Henry Dahle, leiar for projektgruppa som arbeider med kommunereforma i Sunnhordland, gjorde greie for prosessen i arbeidet og nokre av dei oppgåvene det blir jobba vidare med. Så langt hadde gruppa kome fram til at landsdelane må få større makt, at fylkesgrensa mellom Hordaland og Rogaland bør fjernast, at ein held på generalistkommune-prinsippet, med likeverdig lokalt sjølvstyre og likebehandling i den statlege styringa, og skepsis til storbykommunar, som vil auka «samordningsutfordringar og utfordringar for oppgåveløysing» i resten av fylket, eller regionen. Gruppa meiner også at kommunereforma må føra fleire og større oppgåver over til kommunane enn det ekspertutvalet føreslår. Ei overskuggande mål er redusere den statlege styringa, og heller lita på lokalt og regionalt skjønn, utøvd av folkevalde organ.

 

 

Odd Henry Dahle. Foto: Arne Vestbøstad

 

Dahle viste fram dei fire alternativa for kommunestrukturen prosjektgruppa no vil gå vidare med, for å finna ut plussar og minus med dei ulike alternativa. Eitt alternativ er å ikkje endra noko. Neste alternativ er ei samanslåing av Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord og Tysnes. Eit anna forlag er Austevoll, Bømlo, Fitjar, Stord og Tysnes. Eit siste forslag dei vil sjå nærare på er Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord og Tysnes.

Då det blei opna for spørsmål frå salen, blei det også etterspurt eit alternativ med Fitjar, Stord og Bømlo.

 

Vox populi

Før dei frammøtte i salen fekk komma med sine spørsmål og innspel, opna ungdomsrådet i Fitjar med å leggja fram synspunkt dei hadde henta inn frå dei som skal leva med resultatet av kommunereforma. Dei hadde spurt ungdommar kva dei var glade for å ha, kva dei ville ha som dei ikkje hadde no og kva som kan bli betre. Det var fleire av ungdommane som gav uttrykk for at det var mange ting dei var glade for at Fitjar har, og må halda på. Det var mange som var nøgde med dagens tilbod, men også fleire ting som kunne bli betre, særleg innfor samferdsle og arbeidsliv. Mange ungdommar ønskte at det var fleire jobbar dei kunne få, betre og billegare busstilbod og betre vegar. Det var også mange som uttrykte uro for skulestrukturen, både grunnskule og vidaregåande skule, i eit framtidig Fitjar. Eit hovudsynspunkt var at ungdommane var urolege for korleis det vil bli å vera ein utkant i ein eventuell storkommune, om ein då hamnar heilt i skuggen av Stord.

 

I panelet: Helge André Njåstad (FrP), Odd Henry Dahle, Wenche Tislevoll (H), Harald Rydland (KrF) og Agnar Aarskog (Ap). Foto: Arne Vestbøstad

 

Eit panel sette seg så ned for å ta imot og svara på innspel frå salen. I panelet sat i tillegg til Tislevoll, Njåstad og Dahle, også varaordførar Agnar Aarskog (Ap) og ordførarkandidat for KrF, Harald Rydland. Dei fekk også leggja fram sine syn. Aarskog meinte det også i framtida ville vera mogleg å vera eigen kommune, men først og fremst var det viktig å kjøre denne prosessen til endar. Det viktigaste for han var å yta gode tenester til innbyggjarane, og det meinte han Fitjar gjer i dag.

Harald Rydland var glad for engasjementet som blei lagt for dagen under møte, både blant eldre og yngre. På si side meinte han at det no var på sin plass å tenkja nytt, og viste til det som skjedde på Bømlo på 60-talet. Der blei fire kommunar slegne saman til ein, noko han trudde dei færraste var misnøgde med i dag. Han meinte at det viktigaste er å tenkja på Fitjar som eit lokalsamfunn og ikkje som ein kommune. Det viktigaste for Rydland no, var å vera frampå, slik at ein kan påverka prosessen frå starten.

 

Etter møtet meinte Wenche Tislevoll det hadde vore eit godt møte. Møtet var viktig, både for å informera innbyggjarane om arbeidet som har blitt gjort, men også få direkte innspel frå innbyggjarane om kva dei meiner er viktig framover.

– Dette er ein prosess me kjører, og ingenting er avgjort, avslutta ho.

 

 

Sagt:

– Min ståstad er at eg høyrer til bygda og folket her, ikkje kommunen. Eg er klar for å tenkja nytt. Johannes Sandvik

 

– Me bør få folk utanfrå til å sjå på dette. Då kan alle kjenna seg som vinnarar. (Om Stord som pådrivar i diskusjonane). Jon Karsten Raunholm

 

– Det må vera billegare å frakta ein tannlækjar over Morkjo, enn 400 pasientar. (Om at Fitjar manglar tannhelseteneste). Nils Vestbøstad

 

– Frankrike har 36 000 kommunar, Belgia har 598. Me kan sjølv velja kva retning me vil gå. Bjørn Haaland

 

– Oppgåvene kan bli løyst med samarbeid, der det er naturleg. Er ikkje det mogleg i framtida? Arne Bergsvik

 

 

– Eg lurer på kva som er suksessfaktoren til denne høyringa. Per Bergesen