Kommunestyret vedtok budsjettet på møtet onsdag. 

Før møtet kunne me lesa i avisa at det hadde vore eit lite fruktbart møte mellom posisjonspartia og opposisjonspartia måndag kveld. Møtet var likevel ikkje utan frukt. Sigurd Andre Maraas fekk ei mandarin, men han fekk ikkje tid å skrella den før møtet var over, så fort gjekk det. Men før kommunestyremøtet på onsdag måtte dei involverte innrømma at det ikkje var mandarin, men ei clementin – som hadde hatt hovudrollen. Men ordføraren sin julekjeks, som også stod på bordet, var det ingen som hadde sett. Då kunne møtet ha blitt lenger.

Den første timen i kommunestyremøtet vart dei fleste sakene effektivt handsama, før alle gjekk til lunsj i Galleri Losjen. Der var det dekka på langbord og servert betasuppe, kaffi og kaker.

Etter lunsj var det budsjett 2015 som stod på saklista. Ordførar Wenche Tislevoll innleia den generelle debatten med eit godt tilbakeblikk over året som gjekk, og ho synte til uvanleg stor aktivitet i bygda, god utvikling i folketalet og mange gode arrangement. I åra som kjem ligg det mange utfordringar i kommunen, i tillegg til prosessar med kommunesamanslåingar og utbygging av E39, der kryssing av Nuen er ei viktig sak.

Etterpå fekk leiarane for utvala først ordet, Torstein Grimen for plan og miljø og Toralv Røen for oppvekst og omsorg, før gruppeleiarane for dei enkelte partia fekk koma fram med sine tankar og planar.

Deretter gjekk ein til debatt og handsaming av sjølve budsjettet. Rådmannen sitt framlegg er utgangspunktet for den politiske handsaminga. Før møtet låg det føre endringsframlegg både frå H/ Ap, 10 representantar, og frå Krf/ Sp /Frp som til saman har 7 representantar. I møtet kom det endringar i fleirtalsframlegget. Ved endeleg røysting fekk det justerte framlegget frå H/ Ap 10 røyster, og framlegget frå Krf/ Sp/ Frp 7 røyster.

Dei fleste endringane var relativt små.

Mest synleg er reduksjonen på 4 mill til investering i nytt LAR-senter i Fitjarsjøen 38/ Rydland-eigedomen. Her vart også lagt inn følgjande verbale føring:

LAR-SENTER BUSTADMODUL. Formannskapet gjorde vedtak våren 2014: Utvikla Fitjarsjøen 38 til eit LAR-senter med 5 – 6 leiligheter/ hyblar for gruppa, må vera fullført og ferdig hausten 2015. Ein ynskjer no å dela opp prosjektet i 2 byggjetrinn, slik at det i første byggjetrinn vert bygt LAR-senter med 3 leiligheter/ hyblar i 2015. Og at ein etter evaluering etter ei tids bruk kan konkludera om det er ynskjeleg å byggja trinn 2 med 2 – 3 leiligheter/ hyblar til. Det må ved planlegginga leggjast til rette for at trinn 2 enkelt kan byggjast ut.

Dei viktigaste endringane i budsjettet er: ;Drift 2015: 7. klassingane vert ikkje flytta frå Sælevik eller Øvrebygda         Investering 2015: LAR-senter i Fitjarsjøen vert bygt ut i 2 trinn. Reduksjon 4 mill 2015: Nytt legesenter redusert frå 2,5 til 1,5 mill Nytt: Frigjeringsverktøy til brannvesenet: 200.000 Nytt: Scene og lysarmatur til Rimbareid skule: 530.000

Eigedomsavgifter var handsama i eiga sak, og vedtaket her er ei verkeleg god melding til innbyggjarane i Fitjar: Desse avgiftene er u-endra: Vassavgift og tilknytningsgebyr, slamtøming og feiing. Desse avgiftene vert reduserte: Renovasjonsavgift og årsgebyr for avløp.

Det vart også vedteke ei rad verbale føringar: Om kyrkja/ ungdomsarbeidar, om betra veg til Dåfjorden, om LAR-senter i to byggjetrinn, om ergoterapeut, om sosialhjelp til ungdom og om Fitjar sentrum.

Ingressbilete: Kommunestyret har lunsj i Galleri Losjen. Foto: Harald Johan Sandvik