Kommunestyret førebur valet.

Til hausten er det val att. Dagen er fastsett til måndag 14. september. I år er det val til kommunestyre og fylkesting. Kommunestyret gjorde nødvendige vedtak i møtet onsdag.

I Fitjar er det 5 valkrinsar: Hageberg, Osternes, Rimbareid, Øvrebygda og Sælevik. Valstyret oppnemner røystestyre til krinsane etter fullmakt frå kommunestyret. Opningstidene vert som ved tidlegare år: Rimbareid og Øvrebygda held ope mellom kl 09 og 20, dei andre krinsane har ope frå kl 09 til 12 og 16 – 20.

Ingressbilete: Flagget var til topps ved Rådhuset onsdag. Hovudårsaka var Stortinget sitt vedtak om bompengeinnkrevjinga i nye to år på ferjene Sandvikvåg – Halhjem. Det kjem vegen på vestsida til gode. Foto: Harald Johan Sandvik