Etter 2-1 siger mot Årstad tronar Fitjar no komfortabelt i toppen av 4. divisjon.

-Me vann 2-1 etter ei sein scoring av oss. Kjell Træet og Kjell Magne Halleraker skåra vore mål. Me dominerte spelemessig spesielt i 1. omgang og burde nok hatt ei solid leiing. I staden er det Årstad som skårar på eit langskot etter 15 minutt i andre omgang. Kjell Træet skåra også på eit langsskot, og Kjell Magne Halleraker sikra sigeren i siste speleminutt.

Årstad hadde ein stor sjanse då dei bomma for ope mål, før me skåra vårt siste. Men alt i alt vann me fortent, sjølv om andre omgang var dårleg frå Fitjar si side, fortel manager Agnar Aarskog til Fitjarposten.no.