Den kontrollerte sviinga i fjellet kom brått ut av kontroll og brannvesenet måtte rykka ut.

Då den kontrollerte sviinga i Midtfjellet brått kom ut av kontroll måtte dei ringa brannvesenet. Fitjar brannvesen kom til staden med 8-9 mann som fekk ein hard tørn med vel tre timars manuelt sløkkearbeid. Veret såg i utgangpunktet ut til å vera ideelt for sviing, men det var tørt og vart vela varmt etter kvart. Med god trekk frå aust måtte ein sikra at at flammane ikkje jobba seg ned til busetnad. Dette klarde brannmannskapet og bråtebrennarane i fellesskap. For å hindra oppblussing gjekk dei som dreiv med sviing vakt i området utover kvelden, og køyrde på med vatn der det framleis var varmt.

I fylgje bladet Sunnhordland var det sau- og beitelaget som dreiv med bråtebrenning i Midtfjellet. Målet med sviinga er å forbetra fjellbeitet ved å få vekk gamal lyng o.l.