Fitjarjenta Mariann Vestbøstad Marthinsen kom til semifinalen på 1 km sprint langrenn for sitjande under Paralympics i Vancouver i kveld, norsk tid. 

I kvalifiseringa hadde Mariann best tid av samtlege deltakarar, men i semifinalen var ho rett og slett uheldig. Litt tull ved starten gjorde at ho kom seint ut. Likevel fekk ho snart kontakt med dei tre andre, men nokre uheldige sporval gjorde at ho vart nummer tre i heatet. Hadde ikkje det skjedd trur me ho hadde gått vidare til finalen. Best tid av dei som ikkje kom til semifinalen gav ho femteplass på dagens distanse.

Etter dette sit Mariann igjen med to femteplassar og ein åttandeplass som fasit etter årets Paralympics. Og Mariann aktar ikkje å gje seg med dette. I eit intervju med Nrk etter løpet i dag fortalde ho at ho var godt fornøgd med det ho hadde oppnådd under denne meisterskapen, og at ho ville satse vidare på langrennspigging.

Lukke til og gratulerer, seier me.