I samband med Fiskefestivalen på Sjøsio hos Larsen har gjengen bak nettsida komtilfitjar.no stand og ulike aktivitetar for både små og store.

Me er no direkte inne frå teltet til komtilfitjar.no. Det skulle vore offisiell opning av nettsida kl. 10.00 her på Sjøsio hos Larsen, men grunna litt lite folk klokka 10 er no opninga utsett til rundt premieutdelinga ein gong utpå dagen.

I skrivande stund smell kanona for starten på fiske frå båt, båtane fossar utover, og nokre påstår at Grindeviken allereie haler inn den første fisken, 30 sekund etter startsignalet.

Ellers kan ein delta i ulike konkurransar som stylteløp,  hesteskokasting, fotball, presisjonskast med fiskestong m.m.

Her kan ein treffa folk, slå av ein prat, sjå på  livet, bli kjend med den nye nettsida til Fitjar og mykje meir. så: KOM TIL FITJAR NO! 

- Annonse -