Tradisjonen tru var det mange julebukkar som gjekk frå dør til dør på Fitjar denne 13. dag jul.

Tradisjonane er ulike frå stad til stad i landet. Her på Fitjar er heilage tre kongars dag, 6. januar, dagen for å gå julebukk. Då kler ungane seg ut, ringjer på dører i nabolaget, syng julesongar og får litt godteri i korga som takk for besøket. Ein kosleg tradisjon som framleis vert halden i hevd på Fitjar, sjølv om NRK i desember 2012 la fram at julebukkane taper terreng for importerte skikkar som å gå «knask eller knep». NRK si framstilling stemmer med det forskar Øystein A. Vangsnes ved universitet i Tromsø skreiv i ein artikkel allereie i 2008, at det blir færre og færre som går julebukk og at han mistenkjer at halloween-feiringa er i ferd med å erstatta den gamle skandinaviske skikken med julebukkar. Men dagens erfaringar på Fitjar seier at så ikkje er tilfelle i vår bygd.

Julebukk var frå gamalt av namnet på ein bukk som vart slakta til jul. Seinare har ordet blitt brukt om det å gå omkring i jula kledd i ein lodden fell, gjerne utstyrt med ei bukkemaske og be om julemat. No ber julebukkane om godteri og dei er kledd ut som alt mogleg; prinsesser, prinsar, piratar, nissar, troll, klovnar, spøkelser, ulike dyr, julegåver, bønder, arbeidskarar, gamle folk og mykje anna. 

Har du bilete av flotte, kjekke eller fantasifulle julebukkar du vil dela med Fitjarposten sine leserar kan du senda dei til tips@fitjarposten.no. .