Fansen til D’AccorD fekk det dei venta på.

 

 

Det var ikkje småtteri festivalsjef Sigurd André Maraas lova då han omtala D’AccorD som det beste live-bandet han hadde sett innfor sjangeren. Og sjangeren mange plasserer bandet i, er prog-rocken, og då helst den litt eldre varianten. Dette er musikk med til tider stor dynamikk, og under konserten med D’AccorD fekk «løpenoter og hvilenoter» verkeleg kjørt seg, til tider.

 

Når så første songen vart telt opp på tysk, var det eit signal om at dette ikkje akkurat var listepop som skulle framførast. Likevel var det fleire kjente låtar i miksen som blei pumpa ut frå bandet, som Money av Pink Flyd, Oxygene av Jean Michel Jarre, You Keep Me Hanging On i Vanilla Fudge-tapping, og With a Little Help from My Friends, som ikkje låg noko tilbake for Joe Cocker sin versjon på Woodstock.

 

Eitt av kjennemerka til D’AccorD er bruken av tverrflyte i musikken sin, og det gjekk eit sus av forventning kvar gong denne blei sett til munnen av vokalist Daniel Måge. Det var likevel ikkje det som var kjekkast å leggja merke til. Det var derimot presisjonen til Årstein Tislevoll på bassgitar, kor god Fredrik Horn på tangentar kom med i lydbiletet, ja, korleis heile bandet fekk lov til å visa godt att.

 

Med det drivet bandet og humøret demonstrerte, er det ikkje underleg at også andre miljø utanfor øya har byrja å leggja merke til bandet.