Unni Gudmundsen, som er leiar i Stord – Fitjar Turlag, skisserer eit fint opplegg for årets første nasjonale KOM DEG UT DAG komande søndag. Unni Gudmundsen, som er leiar i Stord – Fitjar Turlag, skisserer eit fint opplegg for årets første nasjonale KOM DEG UT DAG komande søndag. Ho har gitt oss løyve til å bruke bilete frå ein slik dag for eit år sidan. Då var det flott ski- og akeføre og mange deltakarar. Uansett snømengde i år, blir det i alle fall lagt opp til ulike aktivitetar for born og vaksne i tillegg til grilling og sporleik. Elles skal dei nye topp-trimkorta leggast ut for sal, fortel Rolf Atle Rolfsnes, som er styremedlem i Barnas Turlag.

Turlaga som er ein del av Bergen Turlag og Den Norske Turistforening arbeider for å stimulere til sikkert og miljøvenleg friluftsliv. Det er litt over 800 medlemer i lokallaget.

Interesserte kan lese meir om dette på www.turistforeningen.no/stord-fitjar/