-E39 Bømlafjordtunnelen blir stengt natt til fredag, melder Statens vegvesen.

– Vi må stenge tunnelen frå torsdag 6. november klokka 20:00 til fredag 7. november klokka 06:00, opplyser prosjektleiar Rune Sandven i Vegvesenet.

Grunnen til stenginga er tekniske undersøkingar av kummar i tunnelen.

– Trafikken skal kome seg gjennom i løpet av natta med kolonnekøyring, men folk må rekne med at det kan bli litt ventetid, fortel Sandven, til slutt.

Ingressfoto: Inngangen til Bømlafjordtunnelen frå Stord-sida. Foto: Håkon C. Hartvedt