Frå laurdag morgon klokka 06:00 er Bømlafjordtunnelen open heile døgnet i heile påska. Foto: FP-arkiv/HCH

– Entreprenønøren tar påskeferie frå komande laurdag. Arbeidet i tunnelen startar igjen måndag 6. april klokka 22:00, fortel Rune Sandven, prosjektleiar i Statens vegvesen.

 Fartsgrensa i tunnelen er 50 kilometer i timen heile døgnet, fordi tunnelen har redusert sikkerheit når anleggsmaskinar og utstyr står i havarinisjene i tunnelen.

Bømlafjordtunnelen er for tida stengt kvar kveld og natt mellom klokka 20:00 og 06:00, utanom natt til sundag, i samband med sprengingsarbeid.

Sikkerheitsutstyret i tunnelen skal oppgraderast betydeleg dei neste åra, med blant anna kameraovervåking, brannventilasjon, lys og naudskap. Det er kolonnekøyring når tunnelen er stengt.