To bilar kolliderte ved avkøyringa til Færøysund i ettermiddag. To personar vart køyrt til sjukehus. Skadeomfanget er ukjent.

Det var to personar i kvar bil, og det er ein frå kvar bil som er frakta til sjukehus, opplyser politiet. Bilane fekk, som biletet syner, store materielle skadar. Vegen er no opna for trafikk igjen etter å ha vore stengt ei tid.