To personbilar kolliderte på Helland i Fitjar måndag kveld.

Av: Ingrid Hovstad/Jonas Sætre

To førarar blei frakta med ambulanse til Stord sjukehus då dei kolliderte i Rabbakleivo i Fitjar klokka 21.28 måndag kveld.

Ulukka skjedde då den framste bilen skulle svinge av til venstre. Den andre bilen, som kom køyrande like bak, køyrde då inn i sida på den framste bilen.

– Begge to klaga over smerter i nakken, og er blitt frakta med ambulanse til Stord sjukehus, seier operasjonsleiar Helene Strand ved Sørvest politidistrikt.

Begge bilførarane er menn og i starten av 30-åra.

Det er 60-sone der ulukka skjedde. Bilane vart raskt fjerna frå køyrebanen og sto ikkje til hinder for trafikken.

- Annonse -