Ein personbil og ein varebil kolliderte ved Synningo, like sør for Breiavikjo kl. 10.30 i dag.

Då politiet fekk melding om ulukka, heitte det òg at to personar sat fastklemde i den eine bilen.

Det gjorde dei forsåvidt òg, men det var berre ein, og ho kunne lukkelegvis løysast ut med handemakt, fekk me vite av politiet på staden.

-Ei 76 år gamal dame fekk sjokkskade, og blei behandla av lege på staden. Ho var åleine i personbilen, mens den andre innvolverte bilen, hadde med seg ein passasjer, der begge var uskadd, heiter det i politiloggen frå Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, ved operasjonsleiar Agnar Martin Austerheim.