Trusopplæringstiltaket KodeB vart avrunda med KodeB-gudsteneste med dåp, friskt bandakkompagnement til allsongen, Bibelkake og godt synlege KodeB-deltakarar.

 KodeB – B12 er trusopplæringstiltaket for dei som vert 12 år dette året. KodeB står for kode Bibel, og det er djupdykk i Bibelen som har vore tema på dei 4 kveldssamlingane 6. klassingane har hatt i vinter. B12 står for Båten 12 og syner til «Med Jesus i Båten» som er mottoet for trusopplæringa på Fitjar. 6-7 ungar har delteke på samlingane og to av samlingane har vore direkte knytt opp til Klubben på Fitjar bedehus, som er for dei i 5.-7. klasse. Dei av kodeB-deltakarane som var med på gudstenesta deltok med mange ulike oppgåver og var godt synlege saman med sokneprest Olav Johannes Oma og kyrkjelydspedagog Birgitte Brenne. Foto: Helga Rimmereid

 

 Det er omkring 12 år sidan KodeB deltakarane vart døypt og heile trusopplæringa handlar om å læra om det ein dei vart døypt til. Såleis var det ekstra kjekt at vesle Birgitte Sørfonn vart døypt denne dagen og var med og trakk linja attende til dåpsbefalinga som kom frå Jesus sjølv. 

KodeB-deltakar Mads Mikal S. Drønen var medhjelpar under dåpen. Foto: Helga Rimmereid 

Vesle Birgitte Sørfonn vart døypt under gudstenesta og ho og det festpynta fylgjet hennar gav ein ekstra dimensjon i gudstenesta. Foto: Helga Rimmereid

Det er så godt som alltid god allsong i Fitjar kyrkje og med eit flott band som tonefylgje denne dagen vart allsongen ekstra frisk og god. Bandet bestod av lokale musikarar suplert med Kongshaug-elevar, under leiing av 3.års Kongshaug-elev Ingvild Moldestad Oma.  KodeB-deltakarane Eirin M. Oma, Sofie Rimmereid og Eline F. Hjelle var forsongarar på allsongen Herren er Gud. Foto: Helga Rimmereid

Gudstenesta vart avslutta med kyrkjekaffi og Bibelkaka, baka av KodeB-deltakarane og foreldra deira. Ei søt, god krydderkake som smaka fortreffeleg saman med saft og kaffi og ein drøs med andre kyrkjegjengarar.