Så vart det 16. mai-arrangement i Kulturhuset i år òg. Ungdommane koste seg, og vaktene og Natteramnane hadde lite å gjera.

Men godt er det at dei er på plass. Lenge såg det ut til at det ikkje skulle vera vakter nok. Men det vart det, og ungdommane fekk tilbodet sitt. -Kjempebra tiltak, seier dei, og vonar at denne tradisjonen held fram.

Her kunne dei boltra seg med ymse ballspel og andre aktivitetar. I fojeen var det både mat og drikke å få tak i, og i Kultursalen var det film.

Eit flott førebyggjande tiltak. Det var i det heile tatt svært stille og roleg i sentrum då me var der ein tur litt før kl. 23:00 i kveld.