Rundt klokka halv fire i ettermiddag vart det meldt om trafikkuhell ved Synningo i Fitjar. Ein bil hadde køyrt inn i autovernet. Det var ingen personskade i samband med uhellet.

– Bilføraren, ein 38 år gamal mann, vart pågripen av politiet, mistenkt for promillekøyring. Etter naudsynte og sedvanlege prøver vart han sett fri att, melder operasjonsleiar Trond Olav Friberg ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.