Så er òg grønrussen i gang med knutereglane sine. Ein av reglane er å bade utandørs før 1. mai. To av dei som gjorde det var Anna Bauge Torland og Terje Hillestad som kasta seg uti Ådnepøylen, ved Fitjar Laks, tidlegare i dag. Og fleire andre russ gjorde det same. Men varmt i vatnet var det såvisst ikkje, sjølv om sola vermde bra på land i dag. I alle fall vart ikkje me det minste freista til å hiva oss uti, etter å ha sjekka vasstemperaturen med handa.