Det er ny temakveld i Fitjar Kyrkje torsdag 24 /9. Denne gongen kjem Knut Grønvik og snakkar om emnet «Kvar går du?» -Kva vil det seia å følgja Jesus og vera hans disippel i vår tid……..

Knut Grønvik er  mykje nytta som forkynnar, skribent og omsetjar. Han skriv   jamnleg andaktar i avisa Vårt Land og  er også andaktshaldar i NRK.

Sidan 2008 har han vore tilsett som Korsveiprest.

«Korsvei-bevegelsen» er ein tverrkyrkjeleg rørsle. Dei arrangerer ei rekkje Korsvei-festivalar og seminar rundt om i Noreg og Sverige.

I tillegg til engasjement i Korsveibevegelsen, og i Lommedalen kyrkjelyd, er Grønvik aktiv i den økumeniske retreat-rørsla.
 
Me gler oss til å høyra ein svært engasjert forkynnar, og vonar mange tek turen til Fitjar Kyrkje denne torsdagkvelden!