Blide og glattbarberte. 2. rekke f.v.: Harry Brandvik Nilsen, Aadne Nesbø, Adrian Torvund, Vegard Hareide, Martin Vestbøstad og Emil Fitjar. 1. rekke f.v.: Truls Fitjar, Alexander Henriksen, Joar Kongestøl, Ørjan Søreide Nordvang, Joachim Huseth Vestbøstad og Ole Martin Spissøy. Ikkje til stades: Tord Brudvik, Ola Vestvik, Jonas Monsrud og Benjamin Koppang. Foto: Ingrid Hovstad

Fitjar Bart samla inn over 155.000 kroner på ein månad til «Movember foundation».

Gjengen på 16 gutar har brukt november til å samla inn pengar til kampanjen for bevisstgjering om menn si helse, med hovudfokus på prostatakreft, testikkelkreft, psykisk helse og sjølvmordsførebyggande arbeid.

Under fellesbarberinga deira 1.november hos Fitjar Island fortalde dei at målet var å samla inn 75.000 kroner, og når Joachim Huseth Vestbøstad foreslo at dei kom til å få inn over 100.000 kroner lo dei andre litt.

Les ogso: La bartesparinga kan byrja.

Jublande gjeng! Foto: Fitjar Bart

Hæla i taket!

Allereie ei veke før den siste dagen i månaden hadde gjengen runda 100.000 kroner, og stemninga var sett før bartefesten dei skulle halda hos PS Bryggekafe. Der vart dei overraska av Engevik & Tislevoll med ein stor sjekk.

– I staden for å gje julegåve til våre forretningsforbindelsar har me dei siste åra donert til eit lag. I år tenkte me å gje 20.000 kroner til Fitjar Bart, men me høyner til 25.000 kroner for å sikra at de tek førsteplassen og vert laget som har samla inn mest i Noreg!

Gjengen i Fitjar Bart takkar alle som har bidrege, og sender ein ekstra takk til Engevik & Tislevoll.

– Ja det vart hæla i taket på bartefesten etter dei kom med den sjekken der, fortel Truls Sæterbø Fitjar.

Han kan dela med oss at den endeleg summen ikkje er heilt klar enno.

– Me har samla inn rundt 155.000 kroner, men manglar enno summen frå Fitjar Island. Dei bidrar med 5 kroner per produkt dei har selt i november. Me er veldig takknemleg for samarbeidet me har hatt med dei, avsluttar Sæterbø Fitjar.

Fitjar Bart ser ut til å ende på ein solid 2.plass av laga som har samla inn pengar i Noreg.