A-laget til Fitjar tok vel vare på opprykkssjansen laurdag ettermiddag då dei valsa over Laksevåg med heile 7-0.

Gjestene frå Bergen kom med berre 11 kampklare spelarar til dagens oppgjer på Fitjar, og mangla fleire av sine beste menn. Dette skal likevel ikkje ta glansen frå Fitjar-gutane som leverte ein tvers gjennom solid innsats i den avgjerande kampen laurdag ettermiddag. Den smule tvil som kampen mot Trott let etter seg, om at det ikkje skulle bil opprykk i år likevel, blei ettertrykkeleg avliva med ein gjennomført god kamp på Fitjar-graset i dag.

Rett nok kom ikkje heimelaget særleg godt i gang. Det første kvarteret var noko nølande, og det var gjestene som kom til den første målsjansen, som enda med heading rett utanfor etter vel 10 minutts spel. Men så begynte Torbjørn Korsvik å vinna andreballar for Fitjar på midtbanen, og då han fekk dei andre med seg, blei det kjekkare og kjekkare i Fitjar Idrettspark.

Den første målsjansen til Fitjar kom etter ei gjenvinning ved nettopp Torbjørn Korsvik, som slo ei fin pasning til Thomas V. Waage, og det første Fitjar-skotet på mål. Derfrå og inn handla heile kampen om heimelaget, som kom til den eine fine sjansen etter den andre. Torbjørn Korsvik skaut i tverrliggjaren, og rett etterpå gjekk ballen igjen i tverrliggjaren etter corner. Øyvind Fykse Lie sette keeper på ein hard prøve, før det blei møljespel framfor mål. Etter gjentekne redningar meir eller mindre på streken fekk endeleg Thomas V. Waage treff frå kort hald og sette ballen sikkert i nettet.

Resten av omgangen heldt Fitjar oppe presset, og me fekk sjå mange gode forsøk, ikkje minst av Helge Træet og Thomas V. Waage. På høgresida var ein lettbeint André Helland på stadige raid frå sin høgre back posisjon, med gode innlegg og fine kombinasjonar med ein like frisk Henrik Raunholm Kjelling. Sistnemnde la inn fleire fine innlegg frå kanten til storscorar Thomas V. Waage, og eit par miniutt før pause sette Thomas eitt av desse sikkert i mål. 2-0 til pause var vel fortent, og altfor lite etter spel og sjansar.

I andre omgang heldt heimelaget fram der dei slapp i første, og etter kvart blei dei elleve frå Bergen meir opptekne av ferjerutene heim. I periodar var det berre eitt lag på banen. Etter vel fem minutt blei Thomas V. Waage ulovleg hindra inne i Laksevåg-feltet, og Øyvind Fykse Lie la keeper fint til side før han plasserte ballen midt i mål. Få minutt seinare skaut ein særs aktiv Henrik R. Kjelling knallhardt på keeper, og Thomas V. Waage sprang ballen i mål før keeper fekk sukk for seg.

Resten av kampen blei eit einaste stormløp mot målet til gjestene. Lars Fitjar Waage kom inn på midtbanen midt i omgangen, og markerte seg ganske snart med målgivande til dagens firemålsscorar Thomas V. Waage, og 5-0! Det finaste målet stod kanskje Kjell André Thorland for då han skrudde ballen rundt keeper og inn ved stolperota frå 12-15 meters hald og skrå vinkel. Eit par minutt før slutt fastsette lagkaptein Øyvind Fykse Lie sluttresultatet til 7-0 i ein kamp der det like gjerne kunne blitt tosifra siger.

Med sine fire mål blei Thomas Vestbøstad Waage utropt til dagens Fitjar-spelar, heilt fortent. Men heile laget leverte ein solid innsats i dag. Gjestene hadde ikkje løpskraft til å hamla opp med dei unge og lettbeinte opprykkskandidatane frå Fitjar. Dermed kunne trenar Kjell Træet og gutane hans sikra seg puljesigeren på svært overtydande vis. Neste kamp er borte mot Vestsiden-Askøy, som ikkje lenger kan gå forbi Fitjar, men dei kan sikra seg andreplassen med siger.

For Fitjar blir det kamp om seriemeisterskapen mot dei andre puljevinnarane, så sesongen er ikkje over på fleire veker enno. Men A-lagstrenar Kjell Træet og spelarane hans kan alt no slå fast at sesongen har blitt ein suksess.