Arvid Sandvik har sendt oss bilete frå ei vandring ved vatnet.

Han tok fleire flotte bilete av eit svanereir, men fotoapparatet var innstilt på video. Difor har me ikkje greidd å få reir-biletet så skarpt. I påska vart det og tatt bilete av svaner i same området. Kanskje det er desse som har reir ? Dei siste åra har mengda av knoppsvaner i Hordaland auka ein god del, noko som og merkast i Fitjar. Det kan ha sin grunn i at tilgroing i fersk-vatn gjev betre levekår. Føda er vassplanter og smådyr frå botnen. Denne svanesorten greier seg betre i kalde vintrar enn songsvaner. Ei knoppsvane er lett å kjenne att på den svarte pannekulen og ho kan vere nokså tam. Grumsete innsjø med mykje vegetasjon er lagleg hekkplass for ei knoppsvane. Ho legg 4 – 7 egg i april/mai og dei er klekt etter ein knapp månad.

For ordens skuld legg me til at knoppsvana er freda.