Det var svært god stemning under den tradisjonelle quizen som blei arrangert på Strando fredag kveld.

Frammøtet var ikkje fullt så godt som under dei tidlegare quizkveldane då Stranda Vel bad inn til ny dyst fredag. Men det la ingen synleg dempar på stemninga hos dei rundt 20 strandarane som møtte opp. Kaffien og kakene smaka minst like god som før; det same gjorde quizmenyen som Arne Raunholm varta opp med. Quizmeisteren hadde som vanleg ei mengd spanande spørsmål frå ulike sjangrar å kvessa dei skarpe strandahjernane med.

Med rundt 20 quizlystne til stades høvde det godt å dela forsamlinga i to. Dermed fekk ein to svært jamne lag; berre eitt poeng skilte då rekneskapen blei gjort opp. Med 51 av 59 oppnåelege poeng stakk det eldste laget av med sigeren, eitt poeng framfor dei ikkje fullt så gamle. Alt i alt ein god prestasjon av alle. Men dei burde nok ha vist større kunnskap om innsjøar. Ikkje visste dei at Røssvatnet er den nest største innsjøen i Noreg, eller at Klovskarvatnet er det største vatnet i Fitjarfjellet. På minussida var nok òg at dei ikkje visste at Siam er det tidlegare namnet på Thailand. Elles var det ingen som visste kva SMS står for – det beste forslaget var nok «SEND MELDING SEINARE».

Strandarane viste på nytt at dei har både kunnskapar og godt humør. Det er så absolutt ingen grunn til å ligge utslått i sofaen heime når dei arrangerer quiz!