Det var liten skilnad på topp og botn då Fitjar slo Rosendal 1-0 på heimebane laurdag ettermiddag.

Det var dei tre poenga som gledde mest i dagens seriekamp mot botnlaget Rosendal. Trenar Kjell Træet var ikkje særleg nøgd med spelet, og kunne ikkje heilt forklara kvifor det ikkje spruta meir av gutane hans. Dei hadde endeleg sjansar nok, men det blei med den eine scoringa som Thomas Vestbøstad Waage sette inn rett før pause.

Som kjent er det stor skilnad på eitt mål og ingen i fotball, og Rosendal viste på nytt kvifor dei ligg der dei ligg på tabellen. Spelemessig er dei langt frå det dårlegaste laget Fitjar har møtt i år. Men målfarlege er dei ikkje, og dei måtte også denne gongen gå mållause og poenglause av banen.

Fitjar-trenar Kjell Træet er naturlegvis letta over å unngå feilskjer mot tabelljumboen. No ventar ein skikkeleg tøff kamp, prestisjeoppgjeret heime mot Solid fredag 30. august. Solid har forsterka laget etter sommarferien, men er langt bak opprykksstriden, sjølv om dei slo Halsnøy i går. Etter dagens kamp leier Fitjar framleis tabellen i 5. divisjon, med 33 poeng, heile 10 poeng ned til lag nummer 3 på tabellen.